Stord 24 Vestlans turnering.jpg

Bles i gong historisk cricketturnering på Stord

Laurdag inntek vestlandske cricketspelarar Stord Idrettspark. – Vi har norske ungdommar som skal spele sin første turnering nokonsinne, fortel ein spent leiar i Stord Cricket Klubb, Neeta Sankholkar (62).

Bildet over, hovudlaget til Stord Cricket Klubb. Bak f.v.: Hasan, Rafiulla, Shamrez, Fida, Mohammed, Neeta, Rahman, Sushil, Chittaranjan og Abhishek. Sitjande f.v: Samiulhaq, Saidagul, Ali, Bari, Kevin. I front: Yasserullah. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

 

 

Bles i gong historisk cricketturnering på Stord
Av journalist Cassandra Grundtvig Jespersen,cassandra@stord24.no,

Dato: 28. februar 2020

Hovudlaget til Stord Cricket Klubb. Bak f.v.: Hasan, Rafiulla, Shamrez, Fida, Mohammed, Neeta, Rahman, Sushil, Chittaranjan og Abhishek. Sitjande f.v: Samiulhaq, Saidagul, Ali, Bari, Kevin. I front: Yasserullah. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Laurdag inntek vestlandske cricketspelarar Stord Idrettspark. – Vi har norske ungdommar som skal spele sin første turnering nokonsinne, fortel ein spent leiar i Stord Cricket Klubb, Neeta Sankholkar (62).

– Dette er første gang nokonsinne at det vert arrangert ein slik turnering på Vestlandet, seier Sankholkar om arrangementet som er eit samarbeid mellom Stord, Bergen, Stavanger og Sandnes.

Stord Cricket Klubb vart stifta i 2016 og har vore medlem i Norges Cricketforbund sidan november 2017. På desse åra har dei klart å skape eit konkurransedyktig lag, og laurdag går altså startskotet for Vestlandet si aller første cricketturnering. Ordførar Gaute Epland (Ap) skal markere opninga i «Nyehallen» på Vikahaugane.

– Cricket er omtalt som eit «gentleman’s game». Eg håper det vert spelt cricket i sporten sin ånd. Vårt motto er «Fair play» og «Respekt for alle» og eg håper det vert vist i alle kampane, fortel leiaren og trenaren i den lille, men høgt respekterte klubben.

Alle dei rundt 30 mennene på hovudlaget til Stord Cricket Klubb er innvandrarar, og kjem frå India, Nepal, Pakistan og Afghanistan. På turneringa i helga stiller dei for første gong med eit lag for barn under 13 år, der alle forutan ei indisk jente er etnisk norske.

– Det vert flott å ha etnisk norske ungdommar til å representere hovudlaget vårt. Eg håper dei  koser seg og får inspirasjon til å fortsetje vidare.

alt

Neeta Sankholkar er leiar, trenar og «mor» for guttane i Stord Cricket Klubb. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Samlar spelarar frå heile regionen

Cricket er ein lagsport for to lag, kvart av dei med elleve spelarar. Under turneringa laurdag er dei kun åtte spelarar på banen sidan kampane går føre seg innandørs. Sporten kjem opphavleg frå England og vert normalt utøvd på ein oval bane med ein liten, hard lærball og eit flatt balltre.

Fordelt på to eller fire omganger skal kvart av laga spele runder som eit scorande lag, der dei slår ballen og forsøker å sikre poeng, og runder som motstanderlag, der laget forsøker å hindre dei andre i å få poeng. Ønskjer du å gå meir i djupna, kan du lese Norges Cricketforbund sin introduksjon her.

Stord Cricket Klubb har om lag 40 aktive medlemmar frå heile Sunnhordland, i tillegg til nokre som kjem frå Bergen og Stavanger. Dei er i aldersgruppa 7-29 år.

– Først byrja vi med cricket for dei indiske ingeniørane som flytta til Stord, men det stoppa opp då dei flytta tilbake til India. I 2015 starta vi opp igjen med dei einslege mindreårige som flytta til asylmottaket på Litlabø, saman med andre som budde på Stord, fortel Sankholkar som sjølv er frå India, men som har budd på Stord sidan 1983.

alt

Gjengen som utgjer hovudlaget til Stord Cricket Klubb er godt samansveisa og heier kvarandre fram på trening. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Får kulturpris for god innsats

Dei unge mennene kunne neppe ha fått ein meir dedikert trenar. 62-åringen trenar hovudlaget sitt kvar helg, og gjennom kampsesongen frå mai til oktober vert det mange reiser til Oslo.

– Eg var ein av pionerane bak damecricket i India på 70-talet og spelte også mykje cricket i perioden fram til 1980, fortel ho.

Også barn i 5.-7. klasse har treningar kvar helg. Desse representerar nesten alle barneskulane på Stord, og dei trenar gratis i klubben med instruktørar frå hovudlaget. For arbeidet med å introdusere barn for cricket, skal Stord Cricket Klubb laurdag motta heider og ære.

– Vi skal få overrekt Fagforbundet Stord/Fitjar sin kulturpris for Stord Cricket Klubb sin innsats i barneskular på Stord, der om lag 700 elevar har blitt introdusert til cricket, fortel leiaren stolt.

Trenaren er veldig takksam for at lokalsamfunnet og kommunane stiller opp for klubben.

– Viss vi spør om hjelp, så får vi det. Dei medlemmane vi har frå andre kommunar har også fått økonomisk stønad frå sine kommunar for å ha råd til å reise på kampar.

Sankholkar jobbar som avdelingsleiar for Senter for vaksenopplæring ved Stord vidaregåande skule. Ho kjem til å pensjonere seg i år, men det betyr ikkje rolege dagar for den ambisiøse inderen.

– Det vert cricket på fulltid!

alt

– Ballen kan nå ein fart på 140 km/t når han vert kasta, fortel Sankholkar. Hjelm er følgeleg påbode hos slagmannen. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Fødd med ball og balltre

I Rackethallen på Vikahaugane er dei eldre guttane på hovudlaget i hard trening når Stord24 tek turen innom kvelden før turneringa. Kaptein og eldste mann på laget, Syed Ali Irtaza (29), verkar optimistisk for morgondagen og er full i lovord om laget sitt.

– Vi er heldige. Alle er unge og veldig talentfulle. Dette er eit bra team og vi har ein god progresjon, fortel kapteinen frå Pakistan.

Han kom til Norge i 2015 og til Stord i 2018, men har heile livet sitt spelt cricket.

– Vi er fødd inn i denne sporten. Nordmenn er fødd med ski på beina, vi er fødd med ein bat og ein ball, ler han.

– Alle liker fotball, men vi er ikkje noko god i fotball.

alt

– Vi er fødd inn i denne sporten. Nordmenn er fødd med ski på beina, vi er fødd med ein bat og ein ball, fortel kapteinen Syed Ali Irtaza. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

– Neeta er som ei mor for meg

At den meir tradisjonelle ballsporten ikkje er noko for desse gutane kan også stjernekeeperen deira, Samiulhaq Safi (19) skrive under på.

– Eg har vore fire år i Norge, men eg kan framleis ikkje spele fotball, smilar 19-åringen som i fjor vart kåra til den beste wicket-keeperen i heile divisjonen.

Han kom heilt aleine frå Afghanistan til Stord i 2015. Eitt år seinare flytta han til Mandal, men då hadde gjengen på Stord alt stole ein bit av hjartet hans.

– Eg sakna Stord og cricket, og flytta tilbake for seks månader sidan.

For Safi betyr sporten alt.

– Når eg spelar cricket kjenst det som at eg har alt. Eg er her utan familie, og Neeta er som ei mor for meg, fortel han før han tar hjelmen på hovudet og gjer seg klar for ein ny omgang på banen.

alt

– Når eg spelar cricket kjenst det som at eg har alt, seier keeperen Samiulhaq Safi. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Betydeleg vekst

Den lille lokale klubben får mykje god støtte frå Norges Cricketforbund.

– Vi oppmodar klubbane til å arrangere slike turneringar, og så støttar vi dei med midlar til mellom anna dommarar og leige av hall. Men det er dei som står for arrangeringa, fortel generalsekretæren i cricketforbundet, Gry Bruaas.

Cricket er ifølgje ho den nest største sporten i verda, men det tok nokre år frå idretten starta å få fotfeste i Norge, til den vart organisert.

– Det har vore ein betydeleg vekst. Vi har hatt cricket i Norge sidan 70-talet og idretten byrja å bli organisert på 90-talet. Vi kom inn under Norges idrettsforbund og har i dag 5000 medlemmar og 66 klubber, fortel generelsekretæren.

alt

Cricketbanar som nyttast til seriespel skal ha ein radius på 65-75 meter. Rackethallen vert såleis i minste laget, men den gjer trening i vintersesongen mogleg. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Beundringsverdig arbeid

Dei nær 70 klubbane spelar divisjonsspel frå første til sjette divisjon, men sjølv om sporten er i vekst er det kun i Oslo og Trondheim at ein kan finne cricketbanar som kan nyttast til seriespel. Det inneber lang reiseveg for mange av laga i Norge, inkludert gjengen på Stord som har vore med i seriespelet dei siste to åra.

alt

Generalsekretæren i cricketforbundet, Gry Bruaas, skryt av det Stord Cricket Klubb får til med få ressurser. Foto: Norges Cricketforbund

– Det er slitsomt, utfordrande og dyrt for klubbane, og ikkje bra for utviklinga lokalt, meiner generalsekretæren.

Bruaas synest at det Stord Cricket Klubb får til, er beundringsverdig.

– Dei er ein veldrive klubb som jobbar aktivt med dårlege moglegheitar til å utvikle sin eigen idrett. Dei har gjort mykje fantastisk med få ressurser, og har vore på fleire skular for å introdusere idretten.

– Ein bragd

Stord Cricket Klubb starta i lågaste klasse for to år sidan og har rykka opp kvart år.

– Det er ein bragd med lite ressurser og lang reiseveg, skryt Bruaas.

Ho er også tydeleg glad på vegner av spelarane.

– Klubben har ein gjeng med spelarar som kom til Norge med ein vond historie. Det er einslege mindreårige som ikkje kunne norsk, som kom til eit land der det var kaldt, der dei ikkje kjente kulturen. Alt var ukjent, men så fekk dei tilbod om å spele cricket.

– Dei kjenner cricket som våre barn kjenner ski, og det vart ein stad for dei å kjenne på mestring.

10 lag i klassane U13 og U20 stiller til start på Vikahaugane på skotårsdagen. To av desse frå Stord Cricket Klubb.

alt

LES OGSÅ: Skreiv crickethistorie på Vikahaugane